Deutsch
English
Velkomen til Otterskred Fjordhytter!
Fjordhyttene ligg på vestsida av Arnafjorden i Vik i Sogn og er utan vegsamband. Hyttene ligg heilt i sjøkanten
og har høg standard.
Otterskred er eit ferieparadis! Fin utsikt, roleg og i pakt med naturen er
nøkkelorda. Det er gode fiskemuligheiter. Ein merka tursti går til fjells på omlag 1000 m.o.h.
Hyttene passar godt for familiar som reiser i lag. Kvar hytte er separat
og med god lydisolering. Hytta Sjøbu har to leiligheiter.
Det tyske magasinet FÜR SIE har kåra ei av våre hytter til ei av dei
14 vakraste feriehytter i Europa!
Fylg oss på Facebook!!
|
Otterskred Fjordhytter 2022 - Imprint
|